25.09.2015

En stilling, som Kristne ikke kan ha.

Fra Misarepta.no/index.html
Av Johannes Kleppa.

"Ein ordførarkandidat frå KrF uttalte for litt sidan. at vedkomande var klar til å «vigsla» likekjønna par, trass i at denne har profilert seg som ein konservativ Kristen. Dette viser, at det er behov for....."

Heilt frå oldkyrkja av har det vorte diskutert, om det finst yrke, Kristne ikkje kan ha, og i så fall kva. Å livnæra seg som prostituert har det vore eit sjølvsagt nei til. Det har vore diskusjon om, ein kunne vera lærar, styresmakt og soldat. Her har svaret vore ja, men under føresetnad av, at ein ikkje måtte handla mot Kristen etikk.

Her i landet har denne diskusjonen lenge vore uaktuell, men dei to siste generasjonane har saka vorte aktuell. Det gjeld i første rekkje yrke, som effektuerer fri abort, altså som utøver fosterdrap. Abortlova gjev difor høve til å reservera seg på dette området, slik at alle kan vera i stillingar der dette er aktuelt.

Ved at fastlegar ikkje fekk ein tilsvarande lovfesta reservasjonsrett, har ein del legar kome i eit dilemma. Den kjønnsnøytral ekteskapsideologien vil etter kvart føra inn i same problemstillinga. Så lenge ingen vert pålagde å forsvara denne som rett eller å «vigsla» likekjønna par, vil yrke. der dette er aktuelt, vera opne også for Kristne.

Dersom – eller når – den situasjonen oppstår i den offentlege skulen, at den kjønnslikegyldige «ekteskapslova» må undervisast om som rett og god, ikkje berre orienterast om som ei faktisk lov, vil Bibelforplikta Kristne ikkje kunna gjera det.

Vert det ikkje gjev ein reservasjonsrett på dette feltet, vil då slike lærarar ikkje kunna undervisa i fag, der dette krevst. No er det på gang diskusjon om, korleis vigselsordninga skal vera i landet vårt, ikkje berre knytt til kyrkja.

Det kan vera, at ordførarar får ein slik rett eller plikt. Etter mi vurdering kan ikkje Bibeltru ordførarar praktisera det. Det vil vera å krenka Guds bod og skaparordning, endatil offentleg.

Ein ordførarkandidat frå KrF uttalte for litt sidan, at vedkomande var klar til å «vigsla» likekjønna par, trass i at denne har profilert seg som ein konservativ Kristen. Dette viser, at det er behov for å gå grundig inn i saka.

Det kan ein gjera med utgangspunkt i Daniel og venene hans. Dei hadde stillingar på høgt nivå i eit heidensk samfunn, men dei sette tydelege grenser for, kva dei kunne gjera – og dei var villige til å ta den ytterste konsekvensen av det.